mandag 13. august 2012

Kor går ferden? - Kina

Kina blir det første landet vi skal besøk etter det faste opplegget og vi rekna med å vere der i omtrent ti daga. I Kina har eg to ting som eg alltid har hatt lyst til om eg nokken gong skulle komme til å reise til Kina og det er å gå på den kinesiskemur og å sjå (helst klappe) Panda, og det ser ut til at begge ønskene mine skal gå  i oppfyllelse etter planen vi har lagt opp no.

Vi kjem først til Hong Kong og tenke og vere her i nokke daga. Vi har ikkje lagt nokre planer på kva vil sjå og oppleve her, men eg vil tru det blir litt shopping! Har høyrt at det blir anbefalt og ta ein tur innom en av dei mange markede dei har.
Ellers kan Peak Tram virke spennande, då reiser en med tog/trikk (nokko ala fløyen) langt opp i fjellet og får ei fantastisk utsikt over Hong Konf frå Victoria Peak. På toppen er der bla muligheten til å ta turen innom Madame Tussauds.


VIdare skal vi innover landet til Chengdu og eg gleda meg som en liten unge til julafta! Det er nemlig her vi skal få besøke pandane i Woolond panda reservat! I parken kan vi betale for å vere panda passer for ein dag, og får tildelt en eigen panda vi skal stelle!



 Vidare går turen til Beijing som blir siste stopp i Kina. I Beijing har vi planer om å besøke den kinesiske mur. Det blir vell også en del sightseeing for å sjå den forbudte by, himmelens tempel, sommerpalasset som er bare nokke av dei få tinga Beijing har å tilby.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar