Viser innlegg med etiketten Hanoi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hanoi. Vis alle innlegg

torsdag 22. november 2012

Some pictures from Hanoi!

 Vietnam var fantastisk og ting var så ulikt alle andre plassa eg har besøkt! 
Her kjem nokre bilde som eg og Carina tok mens vi var der!






















tirsdag 6. november 2012

Goodbye Vietnam!



Onsdag var vi trøtte alle mann! Klokka fire måtte vi stå opp for klokka hal fem skule vi av toget! Etter å ha fått frokost på hotellet var det på tide å besøke eit tempel! I tempelet avslutta vi besøket med te og banan i lag med lederen i tempelet! Eg hadde heile tida trudd at lederane i tempelet var en mann – men der tok eg faktisk feil! Etter tempelet var det klar for en tur på silkemarkedet og her fekk eg handla! Etter å handla presang til den eine etter den andre fekk eg også kjøpt noke til meg sjølv – ny kjole og et par skjerf!
 Tilbake på hotellet fekk vi endelig rommet vårt og det tok ikkje lang tid før både eg og Carina var i drømmeland! Når eg våkna vart det rett i badekaret, og eg og han Harry Hole (hovudpersonen i boka mi altså) koste oss der i en heil time! På kvelden inviterte vi ned Lene og Marte på pizzaparty som vi fekk levert på døra frå resturangen på hotellet! Vi var egentlig invitert på Haloween party, men kjente at kroppen var meir klar for film og tidlig kveld på hotellet enn party!


Torsdag var vi klare for avslutningslunsj med universitetet og vi var 20 studenta, 4 ledera og 6-7 venna frå universistete! Nokre av oss var heldige og fekk bestille sjølv, andre måtte bare ta til takke med det vietnamesarane bestilte til oss. Eg og Marte fekk maten vår og var ferdige og ete opp før dei fleste andre fekk sin mat, og drikka mi fekk eg når dei andre var ferdig å ete. Ikkje bare bare og vere så mange som vil bestemme litt på en gong! Vi avslutta dagen med å synge nokre norske sanga for dei, og vi fekk kvarsitt tradisjonelt vietnamesisk bilde.
 Eg var igjen på postkontoret, og en ny pakke er på veg heim til Norge! Dinna gongen var det skikkelig stress på postkontoret, ettersom vi var 10 nordmenn som kom innom og ville sende ting heim. Grunnen til at alt var så stress er at dei som jobba der pakka alle tinga og passa på at vi har skreve alt på lista. Men det gjekk no fint ditta og.
Når kvelden kom hadde Stephen foreslått avslutningsmiddag, og det kunne vi jo ikkje seie nei til. Vi var heile klassa + to av våre nye venna. Når middagen var inntatt gjekk vi over gata på en bar og hadde quiz om pensum. Eg, Carina, Marte, Mari og Anne Berit slo alle andre og fekk gullpenga som premie etter å ha svart rett på ganske masse og vunne 1 av 3 rappe konkuransa! Etter på var dei live musikk og etter ei stond var fleire i klasse med! Marius på tromme, Kristina og Stephen på rytmeinstrument, nokre dansa og alle sang med! Flott avslutning !
 Fredags morgon var vi alle klare for å fly tilbake til Australia! Men før eg for i frå Vietnam fekk eg meg en tur på motorbike! Trang tok meg med på ei runde, så no har eg fått prøve det og! Resten av dagen gjekk med på å sitte på fly ( nesten i 12 tima) og venting her og der! Når vi kom fram til Australia var det litt meir som på TV en sist, masse folk overalt, pasasjera og sikkerhetsfolk – der var også hunda som skulle snuse etter diverse. Heldigvis kom vi oss gjennom alle mann!

 Absolutt ikkje uvant syn i Vietnam!





søndag 4. november 2012

Du veit du er i Veitnam når..

.. du ikkje får drikke vatn fra springen
.. du går rundt med milliona i lommeboka
.. folk blir imponert av dine blåe auge
.. du finne 500 deksel til iphone og 5 til din egen samsung på marked
.. pruting blir ein del av kvardagen din - til og med når du kjøpe vatn
.. du ser heile familia tilbringe heile dagen med butikken
.. du må gå med dopapir i lomma dagen lang, til og med på skulen!
.. du ser folk gå i slippersa - uansett terreng!
.. du ser scootera OVERALT!
.. du går med navnelapp med adresse til hotellet, skulen og litt andre pluss nokre telefonnr i tilfelle du skulle rote deg vekk.
.. du føle deg kjempe høg sjøl om du bare er 1.73
.. der er en spylerslange med alle toalett
.. du har problem med å kommunisere med dei fleste for dei ikkje forstår engelsk - med unntak av lokalbefolkning i Sapa! ( som du virkelig ikkje kan sjønne koffor dei prata engelsk)
.. du kan bestille kvitløksbaguetta, biff og en drink til under 40kr!
.. du ser dame med trekanta stråhatta overalt!
.. du ikkje trenge å gå lenger ut en hotell døra for å fare på shopping, selgarane kjem springande etter deg!
.. du ikkje klare å sjå forskjell på dei nye vennane dine fordi dei ser så like ut
.. du ser folk stoppe og pissa langs vegen uten å prøve å gjømme seg vekk
.. skulen stenge når det er kaldare enn 5 grade!
.. du ser sikkerhetsvakte på kvart en hjørne !
.. 1,5 l vatn kosta 10 000
.. du ser folk med oppslått paraply sjølv om sola skinne, ikkje kjekt å bli brun!
.. du må kjøpe biletta for å gå på fjellet eller besøke små landsbya
.. folk tar snikbilde av deg fordi du er kvit!
.. du oppleve strømbrudd opp til fleire gonga på kort tid fordi ledningsnettet er heilt crazy!
.. du må ringe din vietnamesiske venn som kan vere tolk fordi taxi sjåføren ikkje forstår '' to the military museum''
.. dei syns at å samle bosse langs veien er mykje smartare enn å bruke bossdunka!
.. du ikkje oppdaga at du er på feil universitet fordi namna på Veitnamesisk ser så like ut!

onsdag 31. oktober 2012

Day tour of Hanoi!

Søndag var vekas store sightseeing dag og vi kjende alle sammen at vi egentli mest kunne tenke oss å sove lenge og slappe av etter alle inntrykka vi har fått siste veka! Sjølv om vi var trøtt prøvde vi å gjere det beste av det! Dagen starta forresten klokka 6.30 fordi eg måtte pakke og dusje før frokost klokka 8, i tillegg så våkna eg der senga mi var dekt av presanga og nye ting til meg sjøl fordi eg var så trøtt dagen før at eg ikkje rakk og ta det vekk før eg plutselig sovna!

Vi vart møtt av regn, og det regna heile dagen! Heldigvis lå regnjakka mi i sekken så det var ikkje nokke stort problem! Første stopp vart Ho chi Minh museum som er detdikert til ein av lederane i Vietnam. Vi fekk sjå to av husa han budde i, nokke bila han har hatt og diverse anna. Ein ut av bilane finst det bare 3000 stk av - men eg huska ikkje ka dei heite.
Neste stopp var et tempel/skule. Når vi kom vart vi møtt av en flokk med gutta i dress og jenter i vietnamesiske drakte. Ka dei skulle veit eg ikkje heilt, men det dreiv i allefall og tok bilde av kvarandre! Her fekk vi sjå over 1000 år gammle steintavle der det var inprinta namnet på alle som har blitt uteksaminert der. Dinna plassen er forresten også på Unesco world herritage lista.

Til lunsj vart det buffet og det er den største buffen eg har sett nokken gong, og der var omtrent alt av mat - bortsettfra taco då! Der var steiktris, nuddelsuppe, sushi, pizza, spagetti, reker, og MASSE anna! På dessert borde fekk eg meg Cremebrule - som eg trur eg blitt min favoritt dessert! Eg smakte også på en pasjonsfruktsfromasj som va knall god! Etter lunsjen var vi på water puppet show, ditta showet var egentlig laga for unga men no til dags er det kun turista som går dit. Det er ganske så lite mellomrom mellom setene, nokke som vart problem for Vegard som er ganske så høg. På showet fekk vi sjå ting som var spessielle for Vietnam som folkemusikk, dansa, risplukking og drage. Tenkte eg skulle lage en film snutt av det, men den kjem seinare.

Dagens siste besøk var et museum der alle dei etniske gruppene av Vietnam var representert. Så der var drakte, hus, og utstyr dei brukte i kvardagen sin. Eg tok ikkje så mange bilde her, men Carina tok nokre kule bilder.

Vi avslutta dagen med å sette oss på nattoget, for no skulle fjell landsbyen Sapa besøkast. Vi hadde lugara på 4 persona på kvar, lugarane var ikkje så store - men heilt greit for ei natt. Toget varte fra hal 9 til hal 5 altså åtte time. Vi var ganske så trøtte allemenn så trur alle fekk sove bedre enn forventa. Toget gjekk bare til Locai så vi tok buss en god time til Sapa og hotellet, så då fekk vi sove litt til!

søndag 28. oktober 2012

Kulturopplevelser!

Dei siste dagane har vi fått smake på turistkultur og ekte Vietnamesisk kultur, og det er jo tross alt ditta semesteret handla om så her er det studering 24/7! Når vi kom heim fra Halong Bay på torsdag rakk vi en tur innom det nye hotell rommet vår før det var ting på programe igjen! Eg var ganske så klar for å legge meg i boblebadekaret men, her hadde vi fått dusj - jaja! Når vi kom på hotelle fekk vi forresten oppleve det første strømbruddet for heile hotelle var mørklagt, enda heldigare var vi når strømmen kom tilbake overalt bortsettra på vår rom! Heldigvis fekk vi komme på besøk til Line og Stine som bor rett vi siden av i mens dei fekk det orda. På programme sto det Cyclo - som er sånne sykla med sete forran! Så då for vi på rekke og rad, 20 nordmenn for litt sightseeing i gatene. Vi kjørte gate opp og gate ned og såg på dagliglivet til vietnameserane!

Fredag var vår andre forelesning om musikk så då fekk vi fare på et teater med Vietnamesisk folkemusikk og diverse drakter. Eg forsto ikkje så alt for masse, men det var no en god opplevelse ditta og! Litt sjokka må eg seie eg vart når skodespelaren plutselig begynte å røyke midt i stykke - og ja den var ekte!

Fredagskveld var vi møtt av ei heile klasse fra universitete som var klare til å ta oss med ut på shopping! Nok en gong mangla eg ord for å beskrive dinna opplevelsen! Det var ca 30 av dei og kansje 10 av oss. Dei var kjempe hyggelig og kjekke å prate med. Eg fekk meg en kompis med navne Duc, men eg fekk kalle han Derek for det var det engelske navnet han hadde fått i engelskklassa si. Han passa på at eg ikkje vart påkjørt i gata og så var han min personlige tolk på shopping! Det var en utrulig opplevelse og vere i lag med dei, morsomme og kjekke! Vi tok mange bilde, det er visst ganske så vanlig her har eg sett.


Lørdag fekk vi prøvd å ta oss en tur på skulen - på en lørdag faktisk! Vi var så heldig å få ha om historie og økonomi - tung lørdag!  Men det var heilt greit når vi fekk masasje etter på før vi tok oss en tur på nattmarkede. Her fekk vi prøvd oss på å prute litt sjøl, nokke som gjekk nokken gonga enn andre.

onsdag 24. oktober 2012

Museum og spa!


Vi har no vert i Hanoi i to døgn og sitt for øyeblikket på bussen( trur det blir buss, innlegg er forhåndsskrvet)til Halong bay! Ååå, kor eg gleda meg! Det føles ut som eg har vert her i ei veke allereie fordi her heile tida er så mange nye intrykk og masse som skjer!

I dag starta dagen med ei lita ufrivillig sightseeing runde som ikkje vart så verst likevel. Eg, Lene, Malin, Henriette, Luna og Maria satt oss inn i første taxien som var bestilt til oss og skulle ta oss til skulen. Når vi var framme fann vi ut at vi kunne ta litt bilde mens vi venta på dei andre – det var også fleire som tok snik bilde av oss og nokken syns det var kjekt og snakke med oss for å finne ut kor vi var i frå. Der kom også ei som skulle ha oss til å lese nokke på engelsk oppgåva vår, men vi skjønte ikkje heil ka ho skulle fram til. Stephen ( læraren som e med oss frå Norge ) ringe for å gi beskjed at dei var straks fremme, men dinna straksen kom ikkje så det begynte å gå et lys opp for oss alle. Vi var havna på et universitet med ganske så likt namn, med bare et ord forskjell på Vietnamesisk – vi var havna på Vietnam trade university i steden for Foreign trade university som var masse lenger unna. Linh (uttales Ling) ringte og bestilte taxi til oss, men fordi at ho trengte adresse vi var på måtte vi finne en vietnamesar ho kunne snakke med. Til slutt kom vi oss til skulen vi skulle på, og gjekk visst glipp av opningsseremonien som visst ikkje var det store.
 
På skulen skulle vi få lære om det Vietnamesisk – og det var ikkje enkelt altso! Vi fekk lære nokre uttalese før vi fekk lære om litt grammatikk. Dei har ord som e veldig like med bare små forskjellar i skrivemåte og uttalelse  men likevell veldig ulikt i meining. Måtte filme litt for å få lydopptak på det vi sa! Vi hadde også tea time med te, kaffi, loff med leverpostei, frukt og små kake. Kaffien va søt som bare det! Romme vi satt i såg ut som en konferanserom og vi hadde kvar vår høgtalar med mikrofon som vi kunne snakke i, det testa Martin ut!

Vel tilbake på hotellet var det tid for lunsj og vi gjekk til en vietnamesisk restaurant. Her vart det stekt ris på meg som var ganske så god! Betalte heile 62 000 (18,50) for mat og en boks med fanta! Fekk igjen prøvd oss på spisepinnane og eg begynne å få litt kontroll, men det gjekk litt vel treigt og ete ris med spisepinna! Var også ganske så imponerande og sjå korleis Linh brukte spisepinnane!
Vi hadde avtalt ei ny sightseeing runde med Linh hal fire så eg og Carina tok oss en tur på postkontoret for og gjere bagasjen vår litt lettare, etter å ha betalt 2 110 000 ( 630 ca) og fylt ut mange skjema og latt dei som jobba der gå gjennom alt var pakken klar til å sendast og kjem forhåpentlegvis snart til Noreg! Etter på var det å praie en Taxi for å komme oss til museet dei andre ( 10 av dei) var på, og dinna gongen måtte vi ringe Linh sånn at ho kunne forklare kor han skulle kjøre oss. Fordi at så få kan snakke engelsk går vi heile tida rundt med adressa til hotellet og om vi skal nokken plass må vi få nokken til å skrive ned adressa om vi ikkje har den! Taxi er også veldig billig, betalte 12 kr for en tur som faktisk varte i nokken minutt. Museumt  vi  var på handla om den vietnamesiske krigen og på toppen av tårne som var det var der er det største flagget i byen.

Etter på skulle vi til det vietnamesiske slottet som bare var nokken minutt unna. På vei til stoppa vi og kjøpte sitron te med ei dame og fekk oppleve og sitte på små krakka med gata slik som omtrent kvar en vietnamesar gjer, gatene er fulle av dissa krakkane og borda. Etter vi spore den gamle mannen som satt vedsiden av oss om vi kunne få ta bilde spore han om han kunne få sitte med oss. Han var 78 år men det såg verkeleg ikkje sånn ut. Der kom også ei dame bort som ville vaske føtta våre som endte opp med å sitte ned med oss. Nok en surrealistisk opplevelse, sjølv om vi ikkje kunne prate med dei var vi så heldige å ha tolk. Kjempe glad for at dissa studentane er med oss kvar dag, hadde ikkje fått opplevd Vietnam på same måte utan dei! Vi var i slottet som forresten er over  1000 år gammalt heilt til vi vart kasta ut. Var eigentleg stengt når vi kom men dei var så snille og slapp oss inn fordi om.




Vel tilbake til hotellet droppa eg og Carina den valfrie fellesmiddagen for å heller nyte massasje. Det vart då 75 min med NQ massasje og 30 min med ansiktsrens og massasjen for bare 150 kr! Skikkelig hærlig! Hotelle ringt og ordna alt for oss og spaet betalte taxien til oss ( 10kr). Når vi kom inn fekk vi te og et kort fotbad, etter masasjen fekk vi ferskpressa juice av pasjonsfrukt – kjempe godt!
Eg lika meg fortsatt kjempe godt i ditta landet og bare drive å gleda meg til alt det andre vi har på planen! Vietnamesarane er skikkelig hyggelige folk!

Innlegget er blitt publisert i histen og pisten fordi bussen til Halon Bay går straks. Så må på forhånd beklage om nokke er forklart veldig dårlig men rekke ikkje lese over. Har mange fleire bilde eg vil ha med men picasa vil ikkje samarbeide med meg, så dei for komme seinar! Snakkes, eg stikke til Halong bay!!