Viser innlegg med etiketten Vietnam. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vietnam. Vis alle innlegg

torsdag 22. november 2012

Some pictures from Hanoi!

 Vietnam var fantastisk og ting var så ulikt alle andre plassa eg har besøkt! 
Her kjem nokre bilde som eg og Carina tok mens vi var der!






















tirsdag 6. november 2012

Goodbye Vietnam!



Onsdag var vi trøtte alle mann! Klokka fire måtte vi stå opp for klokka hal fem skule vi av toget! Etter å ha fått frokost på hotellet var det på tide å besøke eit tempel! I tempelet avslutta vi besøket med te og banan i lag med lederen i tempelet! Eg hadde heile tida trudd at lederane i tempelet var en mann – men der tok eg faktisk feil! Etter tempelet var det klar for en tur på silkemarkedet og her fekk eg handla! Etter å handla presang til den eine etter den andre fekk eg også kjøpt noke til meg sjølv – ny kjole og et par skjerf!
 Tilbake på hotellet fekk vi endelig rommet vårt og det tok ikkje lang tid før både eg og Carina var i drømmeland! Når eg våkna vart det rett i badekaret, og eg og han Harry Hole (hovudpersonen i boka mi altså) koste oss der i en heil time! På kvelden inviterte vi ned Lene og Marte på pizzaparty som vi fekk levert på døra frå resturangen på hotellet! Vi var egentlig invitert på Haloween party, men kjente at kroppen var meir klar for film og tidlig kveld på hotellet enn party!


Torsdag var vi klare for avslutningslunsj med universitetet og vi var 20 studenta, 4 ledera og 6-7 venna frå universistete! Nokre av oss var heldige og fekk bestille sjølv, andre måtte bare ta til takke med det vietnamesarane bestilte til oss. Eg og Marte fekk maten vår og var ferdige og ete opp før dei fleste andre fekk sin mat, og drikka mi fekk eg når dei andre var ferdig å ete. Ikkje bare bare og vere så mange som vil bestemme litt på en gong! Vi avslutta dagen med å synge nokre norske sanga for dei, og vi fekk kvarsitt tradisjonelt vietnamesisk bilde.
 Eg var igjen på postkontoret, og en ny pakke er på veg heim til Norge! Dinna gongen var det skikkelig stress på postkontoret, ettersom vi var 10 nordmenn som kom innom og ville sende ting heim. Grunnen til at alt var så stress er at dei som jobba der pakka alle tinga og passa på at vi har skreve alt på lista. Men det gjekk no fint ditta og.
Når kvelden kom hadde Stephen foreslått avslutningsmiddag, og det kunne vi jo ikkje seie nei til. Vi var heile klassa + to av våre nye venna. Når middagen var inntatt gjekk vi over gata på en bar og hadde quiz om pensum. Eg, Carina, Marte, Mari og Anne Berit slo alle andre og fekk gullpenga som premie etter å ha svart rett på ganske masse og vunne 1 av 3 rappe konkuransa! Etter på var dei live musikk og etter ei stond var fleire i klasse med! Marius på tromme, Kristina og Stephen på rytmeinstrument, nokre dansa og alle sang med! Flott avslutning !
 Fredags morgon var vi alle klare for å fly tilbake til Australia! Men før eg for i frå Vietnam fekk eg meg en tur på motorbike! Trang tok meg med på ei runde, så no har eg fått prøve det og! Resten av dagen gjekk med på å sitte på fly ( nesten i 12 tima) og venting her og der! Når vi kom fram til Australia var det litt meir som på TV en sist, masse folk overalt, pasasjera og sikkerhetsfolk – der var også hunda som skulle snuse etter diverse. Heldigvis kom vi oss gjennom alle mann!

 Absolutt ikkje uvant syn i Vietnam!





søndag 4. november 2012

Du veit du er i Veitnam når..

.. du ikkje får drikke vatn fra springen
.. du går rundt med milliona i lommeboka
.. folk blir imponert av dine blåe auge
.. du finne 500 deksel til iphone og 5 til din egen samsung på marked
.. pruting blir ein del av kvardagen din - til og med når du kjøpe vatn
.. du ser heile familia tilbringe heile dagen med butikken
.. du må gå med dopapir i lomma dagen lang, til og med på skulen!
.. du ser folk gå i slippersa - uansett terreng!
.. du ser scootera OVERALT!
.. du går med navnelapp med adresse til hotellet, skulen og litt andre pluss nokre telefonnr i tilfelle du skulle rote deg vekk.
.. du føle deg kjempe høg sjøl om du bare er 1.73
.. der er en spylerslange med alle toalett
.. du har problem med å kommunisere med dei fleste for dei ikkje forstår engelsk - med unntak av lokalbefolkning i Sapa! ( som du virkelig ikkje kan sjønne koffor dei prata engelsk)
.. du kan bestille kvitløksbaguetta, biff og en drink til under 40kr!
.. du ser dame med trekanta stråhatta overalt!
.. du ikkje trenge å gå lenger ut en hotell døra for å fare på shopping, selgarane kjem springande etter deg!
.. du ikkje klare å sjå forskjell på dei nye vennane dine fordi dei ser så like ut
.. du ser folk stoppe og pissa langs vegen uten å prøve å gjømme seg vekk
.. skulen stenge når det er kaldare enn 5 grade!
.. du ser sikkerhetsvakte på kvart en hjørne !
.. 1,5 l vatn kosta 10 000
.. du ser folk med oppslått paraply sjølv om sola skinne, ikkje kjekt å bli brun!
.. du må kjøpe biletta for å gå på fjellet eller besøke små landsbya
.. folk tar snikbilde av deg fordi du er kvit!
.. du oppleve strømbrudd opp til fleire gonga på kort tid fordi ledningsnettet er heilt crazy!
.. du må ringe din vietnamesiske venn som kan vere tolk fordi taxi sjåføren ikkje forstår '' to the military museum''
.. dei syns at å samle bosse langs veien er mykje smartare enn å bruke bossdunka!
.. du ikkje oppdaga at du er på feil universitet fordi namna på Veitnamesisk ser så like ut!

You buy from meee?

At det skal gå ann og presse inn så masse på 2 daga og ei natt skulle ein ikkje tru var mulig - men vår reiseplanleggar har klart det igjen. Vi var fremme i Sapa hal seks - seks og fekk servert frokost. Før frokosten satt vi alle som nokre slakt i sofa gruppene i resepsjonen, for vi var TRØTTE! Det vart også en tur på shopping klokka åtte - der vart det nye sko på både meg, Carina og Lene. Vi oppdaga ei ganske så fin utsikt frå hotellet også.
Klokka ni vart det bare å samle sammen energien sin, for no var det fjelltur som sto for tur. Vi gjekk opp til eit utkikktspunk, og der var ganske så mange trappetrinn på stien. Ca halveis oppover møtte vi på den største bukken i bukkene bruse, mikke mus, scooby doo og mange andre eventyrfigura. På vei ned igjen fekk vi sjå dans frå forskjellige minoritetsgrupper i sapa.


Tilbake på hotellet rakk vi å slappe av litt før lunsj og en ny tur. Dinna gongen var det en tur til en foss som var på programmet - så vi gjekk enda litt fleire trappetrinn og endte opp ca halveis mot toppen av fossen. Etter på for vi opp til toppen av fjellet( med buss), vi tok litt bilde av utsikta og satt oss ned hos ei dame som solgte skjerf og diverse anna, og hos nokken andre fekk vi sjå to super søte kvalpa. Vi fekk også sett Vietnams høgaste fjell på vei ned igjen.

Når vi var ned igjen var det endelig tid for en dusj og litt avslapning på soverommet før det var ut på tur igjen. Denne gongen var det shopping som sto for tur, så vi vandra litt rundt om og handla litt. Før vi tok tidlig kveld var vi alle sammen ut og åt på en lokal restuant!
Søndag var det ut på tur igjen men i dag var det landsbya som skulle besøkast. Det er landsbyane til Moung folka som er minoritetsgruppa bor i Sapa. Langs stien som inneholdt enda fleire trappe fekk vi sjå mange små butikka, fin utsikt og dyr som gjekk laust overalt. Før vi gjekk oppover igjen endte vi opp med en liten foss der vi selvfølgelig måtte ta litt bilde.
Etter lunsjen var det en ny landsby som skulle besøkast, og vi måtte ha tillatelse til å komme inn i dinna landsbyen. Når vi kom fram skulle vi tru vi var kjendisa, fordi der sto en flokk med lokalinnbyggera som håpte vi skulle handle med dei. Det gjekk i : You buy from meee? Whats your name? You buy for meee later? You promisse? - Veldig mange ganga! Dette hørte vi forresten overalt, også i sentrum. Folk ville ikkje la oss gå før vi hadde handla. Når vi kom ned til kaffen som var der vart det enda verre, for då samala alle seg der, og dei følgte oss også et godt stykke på veien. No fekk vi også høyre: You buy from her, you buy from me too!! It is not fair! - Malin hadde eit godt sitat på ditta; dei ligna jo på trolla i Ronja Røverdatter. Der gjekk jente som var 5-6 år som også ville selge ting til oss, eg syns det var heilt fælt og måtte sjå så små unga arbeide på dinna måten - så det vart jo handla litt ting som eg kjøpte kun i medlidenhet - det vi kalla godt salgstriks? På facebook veggen min ligg det forresten en film som Anja flima under kafebesøket våra!
Vel tilbake på hotellet samla vi i hop bagasjen vår og begynte reise ned til Locai - veien nedover ligna veldig på svingane på strynefjellet bare at det varte i omtrent en time. Vi kjørte også til grensa til Kina og var bare eit steinkast unna - litt utrulig og tenke på at det er under ei veke igjen til eg kan ha beina planta i kina og ikkje berre 10 meter unna.
Før vi satt oss på toget var det klart for middag og vi for på nok en Vietnamesisk resturang og her fekk vi snurre bord - så kjekt! Igjen var det ''buffet'' og rettane vart satt på midten av bordet, så kunne vi bare snurre bordet slik at vi nådde den reten vi fekk!
Før vi fekk lagt oss til ro på toget møtte vi på ei bille som fekk alle oss jentene til å skrike! Skulle egentlig tru den var ganske så stor, men den var heller ganske så lita. Dinna gongen var det ikkje like enkelt og få sove på toget, men eg fekk sove litt innimellom. Klokka fire var det på tide og stå opp og eg skal seie dokke at eg var trøtt då!
* Har ganske så masse innlegg på vei her, men er ikkje lett å finne tida til å få laga dei *