lørdag 8. september 2012

Pause på veien!

Befinne meg no i Goondiwindi på jolly swagman motel ca midt mellom brisbane og bourke! Var internett på motelle så vart mulighet for litt mobil blogging.. Sola skinne og vi har det bare bra!



fredag 7. september 2012


Okaj, eg har berre vert her i tre daga, men eg har allereie begynt og forelske meg i dinna enorme byen! Sjølv om eg berre har opplevd små delar av den så lika eg meg foreløpig veldig godt! Her er jo så fint, og dagane har gått kjempe fort!

I går var vi på Griffith for første gang, total er det vell fem campusa fordelt over byen så det er en ganske stor skule. Vi skal gå mest på South Bank Campus og der er det veldig masse kunst relaterte linjer og så skal vi ha oss et par forelesninger på Nathan Campus. Skulen var enorm, og fekk en følelse av fengsel egentlig fordi der var så masse betong. Elles virka lærarane kjempe greie og dei hadde masse kjekt og sei om Bourke turen vi skal til! Som eg nevent før er Bourk i ‘’the outback’’ der er tørt, mange ville dyr og heilt annleis enn i byen. Vi veit ikkje om vi har dekning på telefonen ( men har mest sannsynlig på den norske) og vi lar datane ligge igjen ‘’heime’’ for vi veit ikkje om vi har internett. Så det blir nok bra stille her i gården fram til søndag/måndag neste veke!
Vi fekk lunsj på skulen, masse japansk mat eller nokke sånn i den dur! Eg smakte på det meste og der var nokke godt, nokke greitt og nokke ikkje så godt! Smakte for første gang på sushi og det var ikkje min favoritt i det heile tatt!





Eg har ikkje hatt så veldig masse jetlag, om en ser vekk frå litt svimmelhet på dag 1 og så merka eg det litt på søvn rytma mi. Kvar natt har eg våkna å måtte gått på do, nokke eg aldri gjere til vanlig. I tillegg har hosta mi holdt meg våken, i går fekk eg hostesaft så det kjem seg veldig! Rosa hostesaft som smakte jordbær, ikkje verst ! I går hadde vi alle et problem med å holde oss våken, klokka seks på kvelden var vi alle klare til å sove! Derfor tok eg meg en liten tur ut for å få litt luft nokke som hjalp litt, men før klokka ti var vi alle komt oss i seng!

I går var vi seks jente på leiting etter ein stor sekk til å ha til bourke og vietnam og det var ikkje det enklaste! Vi var inn på mange butikka og sekkane var enten for dyre eller for små. Vi endte derfor opp med kvarsin nike bag, og sidan vi var så mange fekk vi 10% rabatt, og det var jo kjekt =)
I dag har vi hatt den aller flottaste dagen her!! Så hærlig at eg skulle ønske dokke og kunne vere her med oss! Mange varmegrader, sol og stranda ( same sand som Revikja omtrent). Det ser ut som ei strand, men den er falsk! Vatner er eit basseng som ligg rett oppafor elva, men ditta e heilt greitt for meg for eg hadde aldri bada i den elva! Så då ligg vi midt i byn på eine sida av elva og stor kosa oss på ei strand med palma rundt oss! Super hærlig! =) Tenkte eg skulle få arbeida litt med brunfargen min i dag, men føle ikkje at det har kommt nokke veldig stort resultat.. men men, får nok fleire sånne daga! Det er trossalt bare vår her no :) En stor fordel med stranda er forresten det at den ligg rett ved skulen!

I dag var det hatt som sto på jakt planen og det var ikkje enkelt! Vi har fått beskjed om at vi treng kvarsin hatt til Bourke på grunn av den sterke sola, så vi prøvde hatt etter hatt men alt såg like forferdelig ut, derfor endte eg, Carina og Anja opp med kvarsin Caps!

Blir lange innlegg ditta, men no trur eg ikkje eg har meir og fortelje. Håpe alle har det bra, eg har det i alle fall heilt supert!

onsdag 5. september 2012

Endelig i Australia! =)


Ting er begynt og gå opp for meg no, eg har faktisk reist på andre sida av jorda! Eg har reist så langt vekk frå heime som eg kan utan å fare frå planeten vår, og det er 3,5 månda til eg skal heim! Men eg fortvila ikkje, for eg trur eg kjem til å ha ‘’ a time of  my life’’ eller som ein aussie ville ha sagt ‘’ No worries mate! ;)

Flyturen til Australia gjekk en del fortare enn den til Hong Kong, ikkje berre var den kortare men eg fekk sove litt og. Her også fekk vi servert to måltid, men dårlig med bilde taking av dei – men det er vell ikkje det mest spennande. Inni mellom sovinga vart det også sett fleire episoda av Greys, koselig =)
Etter å ha sett Boarder Control Australia var eg litt nervøs på å komme igjennom tollen, men det gjekk no fint det og. Først var vi gjennom en sjekk der dei sjekka passa våre og eit kontroll kort vi hadde fylt ut. Så var der nokke manna som sto og skulle stemple dissa og etter vi hadde henta bagasjen var der nok en kontroll og der dei scanna koffertane og min gjekk heldigvis igjennom utan problem.

Når vi kom fram vart vi møtt av Song Yi som er studie ansvarlig, hon hadde også med seg ei anna ei som kjørte en mini buss. Vi hadde en kjøre tur på omtrent 20 min før vi var framme til leiligheta vår.
Vi bor i Albert street som ikkje er så langt i fra Queens Street som er ei av hovud gatene i Brisbane, så vi bor ganske sentralt. Eg og Carina er kommt i lag med Anja og Malin og vi har fått oss ei leilighet som er ganske så grei vil eg seie ! Når vi kom til leiligheta tok vi oss alle en dusj før vi kom oss i seng, og det var deilig det etter å ha vert på reise for i omtrent to døgn! 
Vi fekk 75 dollar kvar av skulen som er rundt 450 norske krone ( av dei 55 000 dei har fått med oss),og der var jo kjekt. Pengane ser ut som leike penga og kjennes plastisk aktige ut! =P

I dag sov vi lenge før vi tok oss en tur på byn der vi brukt en del tid på å få tak i simkort og mobil, så no har eg fått meg en ny lekker mobil med knappa på! Ellers var det en del handling av diverse nødvendige ting som blant anna mat og bare litt trakking før vi trakka oss heim til leiligheta og lagde pizza. Planen var egentli pasta men vi hadde ikkje fyrstikke så det vart frossen pizza, men den smakte faktisk veldig så godt !

Akkurat no sitte vi på starbucks og eg nyte en Mango passion shake som var kjempe god! Internett i Australia er visst veldig dyrt, så i resepsjonen på leilighetskomplekse vi bor i vart vi råda til å gå på Starbucks for der er gratis internett i en hal time per drikk du kjøpe! :)

I morra blir første dag på Griffith, det blir spennande :)

tirsdag 4. september 2012

Hong kong flyplass

Då e eventyre begynt og vi er godt på vei på reisa til australia. Det er visst 107 daga til neste gong eg er i Norge! Søndags kveld satte eg meg på nattbussen i lag med Carina og har sia det vert på reisefot i over 30 tima !! Akkurat no sitte vi og chilla på flyplassen i HongKong.


Fredagskveld starta eg og kjenne på forkjølelsen og den har virkelig ikkje tatt det rolig med meg. Eg har kjent på feberen opptil fleire gonga, nasa renne, halsen svir og ørene er tette. Ditta har gjort bussturen og den 2t og den 11t lange flyturen litt meir ubehagelig enn nødvendig, men eg har hatt både paracet, nasespray, halsdrops og lommetørkle som har gjort det litt bedre.

På Gardermoen fekk vi smake på vårt første problem, Marte sitt pass var rota vekk av posten og hon hadde nødpasset. Visumet til Australia va søkt med vanlig pass så då vart det litt kluss. Tida gjekk og eg, Carina og Lene måtte bare springe for å rekke flyet og det var bare nokre minutt før gaten stengte. Vi var litt redd for at Marte måtte komme dagen etter men også hon var heldig og rakk det akkurat.  

Ellers har alt gått veldig bra :) På flyplassen i London var eg på Starbucks for første gong og kjøpte meg en sjokolade frappe, det var ikkje veldig godt men heilt brukande. 


Flyet fra London til Hong Kong var enormt i allefall i forhold til fly eg har tatt før. Der var 3 sete på sidene og 4 i midten i tillegg til ei 2. etasje. Vi tok fly i 11 tima og sjøl om eg hadde håpt på å få sove litt, vart det lite av det. Eg koste meg med musikk, spill på ipaden og Greys. I tillegg såg eg en film på mini tven som eg hadde forran sete mitt, som var veldig koselig =) What to expect when your expecting heite den og anbefalast. Når vi hadde tatt fly i ca en time var det en del turbulens sånn at sele lyset kom på igjen, og då må eg seie eg vart litt nervøs! Men det gjekk fort over:)

En sliten men glad turist på flyplassen i Hong Kong! =)

fredag 24. august 2012

Bikini og boblejakke i samme koffert?

Avreisa nærma seg stadig, 9 daga igjen! Snart må eg begynne og pakke og det store probleme er jo å finne ut kva en skal ta med av kle fordi vi skal vere inne om litt forskjellige tempratura. Vi skal først ha sommer, så vår, så tilbake til sommer og så til høst og så avslutte med sommer før vi kjem heim. Derfor kan det bli litt spennande og sjå ka eg får plass til, for må ha nok sommerklede med meg, men også nok varme klede - så blir spennande når eg skal begynne å pakke !

Brisbane : rundt 20*, kan også vere opp til 30*
Bourke : kan komme ned i7* på natta, men ligge på 14-23* om dagane. 
Hong Kong: rundt 20*
Chengdu: rundt 13*
Beijing : fra 0 - 10*
Japan: 10-17*C i dei fleste områda.

Nord i India kan det vere alt frå 0-26*C i desember. Bruka å vere kaldt! (0-10*C)

Goa: 20-30 *

Thailand : 20 - 30*

mandag 13. august 2012

Kor går ferden? - Kina

Kina blir det første landet vi skal besøk etter det faste opplegget og vi rekna med å vere der i omtrent ti daga. I Kina har eg to ting som eg alltid har hatt lyst til om eg nokken gong skulle komme til å reise til Kina og det er å gå på den kinesiskemur og å sjå (helst klappe) Panda, og det ser ut til at begge ønskene mine skal gå  i oppfyllelse etter planen vi har lagt opp no.

Vi kjem først til Hong Kong og tenke og vere her i nokke daga. Vi har ikkje lagt nokre planer på kva vil sjå og oppleve her, men eg vil tru det blir litt shopping! Har høyrt at det blir anbefalt og ta ein tur innom en av dei mange markede dei har.
Ellers kan Peak Tram virke spennande, då reiser en med tog/trikk (nokko ala fløyen) langt opp i fjellet og får ei fantastisk utsikt over Hong Konf frå Victoria Peak. På toppen er der bla muligheten til å ta turen innom Madame Tussauds.


VIdare skal vi innover landet til Chengdu og eg gleda meg som en liten unge til julafta! Det er nemlig her vi skal få besøke pandane i Woolond panda reservat! I parken kan vi betale for å vere panda passer for ein dag, og får tildelt en eigen panda vi skal stelle!



 Vidare går turen til Beijing som blir siste stopp i Kina. I Beijing har vi planer om å besøke den kinesiske mur. Det blir vell også en del sightseeing for å sjå den forbudte by, himmelens tempel, sommerpalasset som er bare nokke av dei få tinga Beijing har å tilby.

søndag 12. august 2012

Kor går ferden? - Vietnam

Vietnam er det landet (utenom Australia) vi skal besøke i regi av Høgskulen i Volda der Griffith University har laga eit opplegget. Vi skal vere i Veitnam i 12 dager der vi skal vere 6 daga i Hanoi, 2 daga i Ha Long Bay og 4 daga i Sapa.

I Hanoi blir det velkomstparty, night market, sightseeing, vi skal ha fem leksonja og besøke ''Vietnam Academy of Music'', ''Museum of Ethnology'', ''Hanoi Museum'' og '' Ho chi Minh Mausoleum'' og så er det snakk om eit ''Water puppet Show'' og så blir det også nokre frikveldar der vi kan gjere det vi vil. Det kan sjå ut som Hanoi er en spennande by og besøke der en kan få sjå masse forskjellig.

 Ha Long Bay er det eg gleda meg mest til for det ser så fantastisk fint ut og der er med på unesco world heritage centre. Så vi skal ha sightseeing med båt og i tillegg skal vi på delefin show.




I sapa skal vi på besøk til CatCat som er en landsby/bydel i Sapa, på love market og til Ham Rong som er eit fjell.

Det blir spennande og besøke Vietnam og finne ut kva alle tinga vi skal på faktisk er. Eg har ikkje store ønsker for kva eg vil sjå, men eg gleder meg veldig.