mandag 17. september 2012

På vei til Bourke

For å komme til en herlige lisje landsbyen midt ut i ødemarka meinte læraren at vi måtte kjøre frå skulen klokka 6.30 sjølv om vi bare skulle kjøre 6,5 time innkludert litt formange pause på sikkert 1,5 time tilsaman! Derfor sto vi opp hal fem ish og pakka i hop siste resten og putta i oss nokke frokost og møtte dei andre i resepsjonen hal seks for å trakke dei 30 minutt bort til skulen med både ryggsekk, bag og koffert! Eg begynne og lure på om eg har med meg litt for masse kle – for det var tungt!


Langs veien såg vi både kangeroo og koala skilt, men å sjå dissa dyra var ikkje like lett. Skuffa var eg når den første kangeroen eg såg var en som lag langs veien – og det var ikkje få av dei. Eg er ganske så sikker på at eg såg en liten en inn i skogen, men om det var bare en stubbe eller ikkje kan eg ikkje sei 100 %. Emuane som eg ikkje syns er fullt så spennande fekk vi sett en del av.


 I ett tida var vi framme I Goodiwindi og det var her vi skulle tilbringe natta. Her vart det lunsj på the White Horse og eg bestile meg en kyllingwrap som smakte ganske så godt. En ting som er litt rart men også litt kjekt med å vere her er at vi får så mange ukjente grønnsaker – men heldigvis har det meste smakt godt til no =) Og når du bestille pomfri vedsiden av får du som regel ganske så masse, det fann Marte ut når ho bare skulle kjøpe seg en pomfri for ho ikkje var så svolten og endte opp med DEN skåla. Goodiwindi var en storby med ei heil shoppinggate, og sia det va laurdag stengte alt klokka ett bortsett pubbane, supert!

Vel framme på motellet, som forresten såg heilt nydelig ut, sto eg plutselig med handtaket til vasken i handa etter å ha vaska meg på henda – er ikkje heilt enkelt og forstå seg på dissa australske vaskane alltid.Etter å ha stått opp så tidlig merka mange av oss at vi var ganske så tappa frå energi, så i tilegg til en time middag vart det også veldig tidlig kveld etter vi hadde vert samla en liten gjeng å bare chitchatta litt.

Søndagen var det tidlig opp og vidare med buss, dagen før lasta eg ned yatzy på telefonen så eg hadde heldigvis litt ekstra underholdning. Vi kjørte en 7 tima dinna dagen og, men fortsatt veldig mange stopp for oss nordmenn. Trur vi nordmenn er litt meir hardbarka enn aussiane  når det gjelde bil/buss kjøring – for vi holde ut i meir enn to tima om gongen :p Dinna dagen såg vi i allefall kengeru, for plutselig kom der en hoppande over veien foran bussen – it made my day!

Når vi stoppa i Moree for frokost måtte vi innom en do – et offentlig toalett. Det er faktisk nokke av det kulaste eg har sett. Døra var som ei heisdør, og om du satt i over ti minutt ville den opne seg slik at andre kunne komme inn og når du var ferdig og vaske henda skylte doen ned av seg sjølv.

Lærarane sa at vi kom nok til og kjede oss masse på bussen, men så turist som eg er syns eg faktisk der var spennande og sitte og sjå ut vindue, kansje såg vi nokken spennande dyr og så var det litt spennande og sjå korleis landskapet var forma – det var ganske så annerledes enn i Norge. Og til lenger inn i landet vi kom jo rødare vart jorda. ( men ditta la eg egentli ikkje merke til før på heim veien)

lørdag 15. september 2012

Frå ouback til storbyen!

Etter 6 heilt superfantastiske daga i Bourke er vi no på vei "heim" til storbyen! Eg har hatt så mange gode opplevelsa og er veldig glad for at ditta er en del av programmet. Vi har budd med familia som har opna opp heimen for oss og latt oss vere en del av deira kvardag, vi har hatt små og større ekskursjona i området og en heil by som har tatt oss i mot med opne arma. Vi har fått oppleve ting en bare kan drømme om så turista! Vi har fått sett kengeru, emu, vilsvin, slange og froska i sitt rette element ute i naturen. Vi har sett det skikkelig australia :)

No befinne vi oss i moree og i morra går ferden til Brisbane. Det ska bli kjekt og komme inn i kvardagen og få flytte inn i si "eiga" leilighet :) i løpet av veka kjem det nok et eller fleire innlegg om vår fantastiske tur til Bourke :)


onsdag 12. september 2012

Karoline gjer to ting på en gong!

Tenkte dokke skulle få ett innlegg og kose dokke mens eg kosa meg i Bourke (forhåpentligvis) Her er et bilde av en kveld eg satt i leiligheta og prøvde og tørke håret mens eg skulle sjå greys på ipaden med kossa mine!

lørdag 8. september 2012

Pause på veien!

Befinne meg no i Goondiwindi på jolly swagman motel ca midt mellom brisbane og bourke! Var internett på motelle så vart mulighet for litt mobil blogging.. Sola skinne og vi har det bare bra!



fredag 7. september 2012


Okaj, eg har berre vert her i tre daga, men eg har allereie begynt og forelske meg i dinna enorme byen! Sjølv om eg berre har opplevd små delar av den så lika eg meg foreløpig veldig godt! Her er jo så fint, og dagane har gått kjempe fort!

I går var vi på Griffith for første gang, total er det vell fem campusa fordelt over byen så det er en ganske stor skule. Vi skal gå mest på South Bank Campus og der er det veldig masse kunst relaterte linjer og så skal vi ha oss et par forelesninger på Nathan Campus. Skulen var enorm, og fekk en følelse av fengsel egentlig fordi der var så masse betong. Elles virka lærarane kjempe greie og dei hadde masse kjekt og sei om Bourke turen vi skal til! Som eg nevent før er Bourk i ‘’the outback’’ der er tørt, mange ville dyr og heilt annleis enn i byen. Vi veit ikkje om vi har dekning på telefonen ( men har mest sannsynlig på den norske) og vi lar datane ligge igjen ‘’heime’’ for vi veit ikkje om vi har internett. Så det blir nok bra stille her i gården fram til søndag/måndag neste veke!
Vi fekk lunsj på skulen, masse japansk mat eller nokke sånn i den dur! Eg smakte på det meste og der var nokke godt, nokke greitt og nokke ikkje så godt! Smakte for første gang på sushi og det var ikkje min favoritt i det heile tatt!





Eg har ikkje hatt så veldig masse jetlag, om en ser vekk frå litt svimmelhet på dag 1 og så merka eg det litt på søvn rytma mi. Kvar natt har eg våkna å måtte gått på do, nokke eg aldri gjere til vanlig. I tillegg har hosta mi holdt meg våken, i går fekk eg hostesaft så det kjem seg veldig! Rosa hostesaft som smakte jordbær, ikkje verst ! I går hadde vi alle et problem med å holde oss våken, klokka seks på kvelden var vi alle klare til å sove! Derfor tok eg meg en liten tur ut for å få litt luft nokke som hjalp litt, men før klokka ti var vi alle komt oss i seng!

I går var vi seks jente på leiting etter ein stor sekk til å ha til bourke og vietnam og det var ikkje det enklaste! Vi var inn på mange butikka og sekkane var enten for dyre eller for små. Vi endte derfor opp med kvarsin nike bag, og sidan vi var så mange fekk vi 10% rabatt, og det var jo kjekt =)
I dag har vi hatt den aller flottaste dagen her!! Så hærlig at eg skulle ønske dokke og kunne vere her med oss! Mange varmegrader, sol og stranda ( same sand som Revikja omtrent). Det ser ut som ei strand, men den er falsk! Vatner er eit basseng som ligg rett oppafor elva, men ditta e heilt greitt for meg for eg hadde aldri bada i den elva! Så då ligg vi midt i byn på eine sida av elva og stor kosa oss på ei strand med palma rundt oss! Super hærlig! =) Tenkte eg skulle få arbeida litt med brunfargen min i dag, men føle ikkje at det har kommt nokke veldig stort resultat.. men men, får nok fleire sånne daga! Det er trossalt bare vår her no :) En stor fordel med stranda er forresten det at den ligg rett ved skulen!

I dag var det hatt som sto på jakt planen og det var ikkje enkelt! Vi har fått beskjed om at vi treng kvarsin hatt til Bourke på grunn av den sterke sola, så vi prøvde hatt etter hatt men alt såg like forferdelig ut, derfor endte eg, Carina og Anja opp med kvarsin Caps!

Blir lange innlegg ditta, men no trur eg ikkje eg har meir og fortelje. Håpe alle har det bra, eg har det i alle fall heilt supert!

onsdag 5. september 2012

Endelig i Australia! =)


Ting er begynt og gå opp for meg no, eg har faktisk reist på andre sida av jorda! Eg har reist så langt vekk frå heime som eg kan utan å fare frå planeten vår, og det er 3,5 månda til eg skal heim! Men eg fortvila ikkje, for eg trur eg kjem til å ha ‘’ a time of  my life’’ eller som ein aussie ville ha sagt ‘’ No worries mate! ;)

Flyturen til Australia gjekk en del fortare enn den til Hong Kong, ikkje berre var den kortare men eg fekk sove litt og. Her også fekk vi servert to måltid, men dårlig med bilde taking av dei – men det er vell ikkje det mest spennande. Inni mellom sovinga vart det også sett fleire episoda av Greys, koselig =)
Etter å ha sett Boarder Control Australia var eg litt nervøs på å komme igjennom tollen, men det gjekk no fint det og. Først var vi gjennom en sjekk der dei sjekka passa våre og eit kontroll kort vi hadde fylt ut. Så var der nokke manna som sto og skulle stemple dissa og etter vi hadde henta bagasjen var der nok en kontroll og der dei scanna koffertane og min gjekk heldigvis igjennom utan problem.

Når vi kom fram vart vi møtt av Song Yi som er studie ansvarlig, hon hadde også med seg ei anna ei som kjørte en mini buss. Vi hadde en kjøre tur på omtrent 20 min før vi var framme til leiligheta vår.
Vi bor i Albert street som ikkje er så langt i fra Queens Street som er ei av hovud gatene i Brisbane, så vi bor ganske sentralt. Eg og Carina er kommt i lag med Anja og Malin og vi har fått oss ei leilighet som er ganske så grei vil eg seie ! Når vi kom til leiligheta tok vi oss alle en dusj før vi kom oss i seng, og det var deilig det etter å ha vert på reise for i omtrent to døgn! 
Vi fekk 75 dollar kvar av skulen som er rundt 450 norske krone ( av dei 55 000 dei har fått med oss),og der var jo kjekt. Pengane ser ut som leike penga og kjennes plastisk aktige ut! =P

I dag sov vi lenge før vi tok oss en tur på byn der vi brukt en del tid på å få tak i simkort og mobil, så no har eg fått meg en ny lekker mobil med knappa på! Ellers var det en del handling av diverse nødvendige ting som blant anna mat og bare litt trakking før vi trakka oss heim til leiligheta og lagde pizza. Planen var egentli pasta men vi hadde ikkje fyrstikke så det vart frossen pizza, men den smakte faktisk veldig så godt !

Akkurat no sitte vi på starbucks og eg nyte en Mango passion shake som var kjempe god! Internett i Australia er visst veldig dyrt, så i resepsjonen på leilighetskomplekse vi bor i vart vi råda til å gå på Starbucks for der er gratis internett i en hal time per drikk du kjøpe! :)

I morra blir første dag på Griffith, det blir spennande :)

tirsdag 4. september 2012

Hong kong flyplass

Då e eventyre begynt og vi er godt på vei på reisa til australia. Det er visst 107 daga til neste gong eg er i Norge! Søndags kveld satte eg meg på nattbussen i lag med Carina og har sia det vert på reisefot i over 30 tima !! Akkurat no sitte vi og chilla på flyplassen i HongKong.


Fredagskveld starta eg og kjenne på forkjølelsen og den har virkelig ikkje tatt det rolig med meg. Eg har kjent på feberen opptil fleire gonga, nasa renne, halsen svir og ørene er tette. Ditta har gjort bussturen og den 2t og den 11t lange flyturen litt meir ubehagelig enn nødvendig, men eg har hatt både paracet, nasespray, halsdrops og lommetørkle som har gjort det litt bedre.

På Gardermoen fekk vi smake på vårt første problem, Marte sitt pass var rota vekk av posten og hon hadde nødpasset. Visumet til Australia va søkt med vanlig pass så då vart det litt kluss. Tida gjekk og eg, Carina og Lene måtte bare springe for å rekke flyet og det var bare nokre minutt før gaten stengte. Vi var litt redd for at Marte måtte komme dagen etter men også hon var heldig og rakk det akkurat.  

Ellers har alt gått veldig bra :) På flyplassen i London var eg på Starbucks for første gong og kjøpte meg en sjokolade frappe, det var ikkje veldig godt men heilt brukande. 


Flyet fra London til Hong Kong var enormt i allefall i forhold til fly eg har tatt før. Der var 3 sete på sidene og 4 i midten i tillegg til ei 2. etasje. Vi tok fly i 11 tima og sjøl om eg hadde håpt på å få sove litt, vart det lite av det. Eg koste meg med musikk, spill på ipaden og Greys. I tillegg såg eg en film på mini tven som eg hadde forran sete mitt, som var veldig koselig =) What to expect when your expecting heite den og anbefalast. Når vi hadde tatt fly i ca en time var det en del turbulens sånn at sele lyset kom på igjen, og då må eg seie eg vart litt nervøs! Men det gjekk fort over:)

En sliten men glad turist på flyplassen i Hong Kong! =)