fredag 11. mai 2012

Austral - asiatisk kulturstudium.

Høsten 2012 skal eg studere i utlandet, i Australia og Asia. Eg har fått plass på et kulturstudium ved høgskulen i Volda, og vi er 19 elever som skal reise i lag.

''I samarbeid med Griffith University  i Brisbane tilbyr Høgskulen i Volda Norges kanskje sprekaste studietilbod. AA-studiet tek deg til Australia og Vietnam og gir deg lærdom om australsk og asiatisk kultur. '' Høgskulen i Volda.


Vi skal i løpet av 3,5 -4 månder studere i Australia og reise rundt om i Asia. Der skal vi studere, oppleve og bli kjend med nye menneske og nye kulturer. Under oppholdet skal vi  skrive ei mindre oppgave ( 2000 ord) i et bestemt emne og ei større oppgave (8000 ord) der vi sjølv kan velge oss ut eit emne som vi skal fordype oss i.

Under det bestemte opplegget skal vi vere i Australia og Vietnam. I Australia skal vi bla ha 6 veker med undervisning og i Vietnam har Griffith University laga eit opplegg. Etter dette har vi 6 veker der vi kan reise sjølv, her har eg og Carina planer om å reise til Kina, India og Japan. Bloggen blir som ei dagbok, ei dagbok før eg reiser med forberedelser og reiseruter og ei dagbok mens eg er der for å holde familie og venner oppdatert og for å ha noko en sjølv kan gå tilbake å sjå på

Eg gledea meg utrolig masse og skulle av og til ønske det var i morga eg skulle reise. Men for kvar dag som går er eg en dag nærmere reisedatoen. 

1 kommentar:

  1. Fin blogg =)
    Kjekt med "plasserig" under innlegga sidan vi blir litt rundtom =)
    Gleda meg =D

    SvarSlett