fredag 18. mai 2012

Reiseplan!

No om dagane drive eg og Carina og spekulera og spekulera i kva rekkefølgje vi skal besøke dei ulike landa. Kva blir mest praktisk, billigast og rett og slett best? Dei første 2 månadane er jo greie fordi her er det Høgskulen i Volda og Griffith university som laga opplegget til oss, men dei siste 1,5- 2 månadane får vi bestemme heilt sjølv (nesten).

Dei to første månadane ser slik ut:
Veke 34: Volda
Veke 35: Fri/pakkeveke/studieveke.
Veke 36: Avreise. Eit par dagar i Brisbane. Avreise Bourke.
Veke 37: Bourke.
Veke 38: Brisbane
Veke 39: Brisbane
Veke 40: Brisbane
Veke 41: Brisbane
Veke 42: Brisbane
Veke 43: Vietnam
Veke 44: Vietnam

Etter dette har skulen sagt at vi skal tilbake til Brisbane for å avslutte opplegget ved å få tilbake den lisje obligatoriske oppgåva vi skal skrive, og etter dette kan vi reise dit vi vil. Orginal planen var å først vere i Brisbane nokre veker før vi reise vidare og planen såg då slik ut:

Veke 44: Vietnam
Veke 45: Brisbane
Veke 46: Brisbane
Veke 47: Japan
Veke 48: Japan. India.
Veke 49: India.
Veke 50: Kina
Veke 51: Kina. Heimreise

Så vart det jo litt meir spekulering og vi tenkte vi kunne ta India etter Vietnam fordi at då kunne vi skrive oppgåve om indisk kultur. Så vart det enda meir spekulering og vi fannt ut at kansje vi kunne ta alle landa etter Vietnam uten om Kina og så reise til Brisbane mellom rundreise og Kina. Vi har allerede flybiletta fra skulen/Killroy som er bestilt, dissa kan vi bruke og så bare hoppe av og på i Kina fordi det er mellom landing i Hong Kong og så kan vi bare endre reisedatoane. Den nye planen ser altså slik ut:

Veke 44: Vietnam
Veke 45: Nepal. India.
Veke 46: India.
Veke 47: Japan
Veke 48. Japan. Tilbake til Brisbane.
Veke 49: Brisbane
Veke 50: Kina.
Veke 51: Kina. Heimreise.

Det blir derfor spennande å høyre ka dei seie på informasjonsmøte på tirsdag. Kjem vi til og få lov eller må vi følgje den første planen?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar