Når vi ankom Bourke kjente eg sommerfuglane i magen, eg
skulle no møte nokken folk eg aldri hadde møtt før som skulle vere min familie
i ei veke! Dagen før hadde vi fått beskjed om ken vi skulle dele familie med og
eg og Carina var havna i same familie – trudde vi. Det kom som eit lite sjokk
den dagen vi fekk vite at det var visst ikkje dei vi skulle bu med alikevel, eg
kom med Anne Berit og syns det var heilt greitt!
Vår familie var eit ungt par James og Berdina som hadde
lisje Tyson (2,5år), to hunda Tara og Sparks og tre høne! Begge var utdanna
lærera, men kun James som jobba som lærer fordi Berdina driv ein eigen giftshop
med interiør, suvenir, barnekle, leika og litt anna – på den butikken likte eg
meg godt! Huset var koselig og omtrent som heime, største forskjellen var nok at om
morningane og kveldane var det iskaldt (i alle fall for oss nordmenn) og så
gjekk dei med sko inne.
Etter ei lita omvisning av huset tok vi oss en tur ned til
elva med takeaway, Burgers and fries. Burgeren vart laga på en litt anna måte
enn ka eg er vant til, her var det ketchup, steiktløk, salat og røbeta. Eg
trudde eg ikkje likte røbeta, men det smakte faktisk ikkje så verst!
Mandagen var det klart for ‘’skule’’. Vi hadde foto kurs på engelsk noke som ikkje
var så alt for lett å forstå og eg trur egentlig ikkje at eg lærte så altfor
masse – men litt lærdom vart det no av det. Etter skulen skulle vi ( dei som
ville som var ca halvparten) vere med Peter og Earl ( lærarane våre) og henge
opp ei fotoutstilling frå fotostudentane i fjor på Back O Bourke exhibition
centre. Vi fekk beskjed om at det skulle ta et par tima men det stemte ikkje
heilt. I over 4 tima holdt vi på, men heldigvis hadde vi no godt selskap i
kvarandre! Vi lærte også litt om historia til Bourke når vi gjekk gjennom senteret.
Når eg kom heim sto middagen klar på bordet – Kylling med diverse grønnsaker, bla søtpotet som eg fekk smake for første gong. Søtpotet er nok ikkje blitt min favoritt, men har ikkje noke i mot og ete det fleire gonga! Eg fekk også en liten gla’nyhet under middagen. Vår nye pappa ville ta oss med på kengeru safari!! Eg var i ekstase!! Vi tok på oss litt varmare kle og kjørte av gårde i hanna kule jeep som ikkje såg ut som hadde vert vaska på år og dag (inn i), på grunn av all den røde sanden som lagg som støv overalt. Vi kjørte et lite stykke og endte opp i et slags skog området med rød jord og nokken tre og buske innimellom. Der var veldig mange veia rundt om kring men James hadde full kontroll på kor vi skulle. Allerde før vi for frå asfaltveien traff vi på en kengeru – men dessverre hadde eg ikkje såtte meg nok inn i kamera mitt til å klare det i tillegg til at den bevegde seg ganske så fort. Vi var dessverre ikkje så heldige, men vi traff på nokken når vi var på vei heim og endte vel med å sjå 10 kengerua totalt. Om du ser veldig godt på bildet ser du kengeruane! :p
Midt ut i ingenting tok vi og stoppa bilen, slåkte den og gjekk ut og såg på stjernene! Det var så super fantastisk, faktisk beire enn ord kan beskrive! Du har ingen lys rundt deg, einaste du ser er millionvis av stjerne. Eg har aldri sett en sånn stjerne himmel før og den var så flott at eg kunne tenke meg og ta med alle eg kjenne ned dit kun for og vise den himmelen!








Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar