fredag 21. september 2012

Fredagsmorro!


Fredagen var vi klare for en liten båttur, på besøk til flying doctors og besøk til borgemesteren. Første stopp va paddle boat cruise med båten Jandra ned the darling river( den langste i Australia). Vi fekk og sett ‘’One Tree Hill brua’’ ( eg syns den ligna jaffal) og koste oss ut på dekk i sola. Etter på reiste vi til flyplassen fordi vi skulle møte the flying doctors, dei har doktora palssert på forskjellige plassa med fly tilgjengelig sånn at dei kan redde folk som blir sjuke og bur i dei områda der det er så langt til alt. Dessverre måtte dei på oppdrag så vi fekk berre sette flyet deira.

Etter det skulle vi på besøk til borgemesteren og øyendommen hanna var minst like stor som heile Vedvikja ( og nei eg trur ikkje eg overdrive faktisk). Han var nok veldig stolt over eigendommen sin fordi han ville vise oss innsjøen sin der dei grav opp nokke mineraler og vise oss dei fantastisk spennande kyra sine( einaste forskjellen frå dei heime var at ale var brune) Etter å ha blitt vist rundt skulle vi få både i stampen hanna – vatne var over 30 grade og det kom direkte opp med pumpe frå 500 meter under bakken. Det va skikkelig hærlig, sjølv om eg må seie at badestampen til Svigers er en smule beire =p
 Etter badinga var vi klare for lunch og vekas siste grilling. Dei hadde kjøpt inn grovbrød ( loff med frø i egentlig) til oss fordi vi gjekk og snakka om kor masse vi savna skikkelig brød. Sjølv om det va litt for fint for at det skulle vere skikkelig var det no en veldig hyggelig tanke. Dei har faktisk ikkje hørt om pølsebrød her, for her bruka dei vanlige brød til pølsene. Vi fekk også smake på yabbis ( kreps), han hadde vert ned i elva og fanga kreps så dei var heilt ferske, kjempe godt! Når vi var gode og mette tok vi oss en tur ned i elva for og sjå på teinene ( kansje dei ikkje visste vi hadde sånn i Norge)

 På kvelden skulle igjen alle samlast, studenta, familie, lærera og dei frå kommuna som har laga opplegget til oss. Vi skulle ete middag på Port O Bourke Hotel, så vi koste oss med god mat og drikke. Det var en koselig kveld med masse kjekke folk. Fekk også en fyr til å prøve å snakke norsk – har film opptakk av det så skal prøve og få lagt ut klipp av det fordi det var utrulig morsom og høyre på!.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar