fredag 12. oktober 2012

Har vi badekar ?!?

Vi har no fått hilse skikkelig på regnet her nede! I går så regna det som bare det omtrent heile dagen! Heldig for meg hadde eg tilfeldigivs kjøpt paraply dagen før som eg skal ha med til Vietnam! På vei heim fra skulen pressa eg og Carina oss under paraplyen min og gjekk hand i hand heim igjen!


Seinare på dagen før det vart mørkt var det skikkelig fin farge på himmelen, den var først skikkelig lilla omtrent heile himmelen og deretter var dei ei sånn fin rosa oransj stripe mot horisonten. Desverre var ikkje kamera like flink og fange opp fargane eg såg, menmen.


Over til overskrifta! Her på abde har vi dusj i badekaret og vi bruka egentli bare dusjen - fram til i dag då. Grunnen til ditta er at ingen av oss har tenkt over at vi faktisk har badekar her! Hin dagen sa Anja til meg at eg hon skulle ta seg en langt bad - og eg tenkte :  '' så heldige dei er som har badekar i leiligheta, men det er vell ikkje så rart sia leiligheta deira e masse større enn vår '' For et par daga sia satt vi å prata om ett eller anna og plutselig kom Carina på at vi faktisk har badekar - og det gjekk et lys opp for oss alle fire! Så i kveld tente eg lys og la meg i badekaret med ei god bok og antistrss såpe i vatne - hærlig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar