Ranthambore park er ein nasjonal park som ligg i
Rhantambore, etter å ha googla masse fann vi ut at ditta var nok den plassen
der det vart størst sannynlighet for å sjå Tiger i Nord India! Vi var der i to
daga og budde på eit av dei veldig mange hotella som var i området. På hotellet
var alle måltida inkludert noke som var veldig greitt med tanke på kor lite det
var av andre resturanga og butikka på plassen, eg fekk intrykk av at einaste
grunnen folk besøkte ranthambore var på grunn av tigrane! Vi var meldt opp på
tre safaria, en den ettermiddagen vi kom og en morgen og ettermiddagssfari
dagen etter på. På første safariens såg vi veldig masse ut av hjorta og dådyr
og vi var såg heldig og få sjå en tiger,
og den var vell omtrent 10 meter unna oss der den lå i ei elv og slappa av. Vi
var i ekstase alle saman av den fine og ikkje minst store tigeren vi fekk sett!
Venta spent på safari nr 1!
Fin gjømmeplass
Sånn ser det ut når fleire bila har spotta en tiger!
På safari nr 2 var vi tidlig oppe, før soloppgang! Her hørte vi to gonga apekatta og dådyr som
varsla at der va tigere. Vi fekk beskjed om å holde fast og så kjørte han så
fort som var mulig på den humpete jord vegen som var der. Dessverre var vi
ikkje heldige med å sjå tigera på turen, men vi fekk sett en sout bjørn ( fekk ikkje bilde av den for den gjømmte seg litt) som visst er yters sjeldan og møte på i
dagslys og så fekk vi sett ein spesiell ape type som eigentleg ikkje høyre til
i ditta området og det var på grunn av den det andre dyret varselet var. Litt
skuffa var vi, men det var ganske kult og få prøve å følgje dyrevarselet sjølv
om vi ikkje traff på en tiger.
Den spessielle apen
Når vi satt og spiste sein frokost etter safari to kom
sjåføren vår og lurte på om vi ville fare på shopping, så vi fann ut at vi
skulle fare en liten tur. Vi havna på en plass der dei hadde masse håndlaga alt
mulig greier og eg endte opp med et putetrekk og nokke små gava! Carina fekk
seg også Henna her! På vei tilbake møtte vi også på en gjeng med apa og vi
syns fortsatt det var litt kult og møte dei overalt så vi stoppa for å ta
bilde.
Safari nr tre var absolutt den beste safarien!! Etter å ha
kjørt rundt om ei lita stond og ikkje sett så veldig masse anna enn apekatta,
hjort, dådyr og påfugla møtte vi plutselig på ei tiger mor og ungen. Dessverre
lå dei så langt inn i grasset at det var ikkje så masse vi fekk sett av den,
heilt til den plutselig røyste seg og kom i mot oss!! På det nermaste var den
bare to meter i frå bilen, og det var heilt rått!! Etter ei lita stond kom også
ungen gåande, og den var ikkje så alt
for liten vil eg sei! Når dei var vekk kjørte vi i same retning og møtte på
både ungen og mora etter ei stond og mora kjørte vi faktisk etter ei lita
stond. Så utrulig! Her tok Carina bilde mens eg filma, skal få prøve å lagt ut filmane men ekje alltid like lett!
Var ikkje så enkel og sjå med det første!
Men så var han plutselig ganske nær!
Gruppa vi reiste med
På hotellet fekk vi prøvd ut litt forskjellig mat, og den
indiske maten er bare så god! Eg trur kelneren vart veldig så glad i oss, for
det virka som at vi var dei einaste som tipsa! Vi bestilte masse nye retta og endte heldigvis opp med å ete masse godt og!
Vi var ganske så fornøgd med dagane her, for på dinna tida er du heldig om du ser tiger 1 av 3 gonga og vi såg på 2 av 3 gonga! Vi var også fornøgde med å kunne ta oss den første varme dusjen sia vi kom til India, her er varmt vatn ingen selvfølge!







































Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar