lørdag 22. desember 2012

Scuba Junction

Koh Tao er ei lita øy i Thailand og ligg blant mange andre øye eller ferieparadis. Øya er kjent for dykking og det føre til at der er heile 52 dykkerselskap. Vi bestemte oss for å fare dit for å ta dykkerlappen og å chille på stranda i nokre daga. Søndag kom vi til Koh Tao og eg var som nevnt tidligare litt skeptisk på om eg kom til å få dykke, fordi eg var godt forkjøla, men eg hadde snakka med dykkerselskapet og vi fann ut at vi skulle sjå det ann. Vi vart henta av dykkerselskapet når vi kom og for bort på området deira for litt papirarbeid og introduksjon. Etter på vart vi kjørt til hytta vi skulle bo på, og vi skjønte fort koffor den va så billig som 30 kr per natt, vi budde i tre daga i lag med maur, bille, salamandera og støv., men det va no heilt okai til å bare sove i.


For å ta dykkerlappen hadde vi tre kursdaga, kvar dag hadde vi en ny filmsnutt med lekse til og gjennomgang av leksa. Dag 1 skulle vi bli kjent med utstyret og lære oss nokke skills i vatnet. Vi var først bare så langt ut at vi ikkje var heilt under vatne når vi sto, vi gjekk på kne og øvde på skillsa før vi svømte ut til 3 meters dydbe og gjore nokke fleire skills før vi svømte rundt og såg på korallreva og fiskane. Skillsa vi lærte var for eksempel ka gjer en om en mysta regulatoren, går tom for luft eller får vatn i maska si. På dag to var vi klare for våre to første skikkelige dykk som skulle skje på 12 meters dybde frå båten til scuba junction. Eg kjente eg va nervøs, men veldig masse tryggare under vatn enn ka eg var då eg prøvde å dykke i Australia! Eg syns det var kjekt å dykke, einaste utfordringa var å klare å holde seg nøytral og ikkje drive å svømme jojo. Siste dagen var vi ned på 18 meter på begge dykka og eg bare koste meg og såg på fiskane og koralla. Kvapp litt når eg såg en hai, og lo litt når eg skjønte det bare var en stein hai. Seinare på dagen var det eksamen og den besto eg med glans, så no har eg lov til å fare ut å dykke så lenge eg har med meg en buddie som også har dykkerlappen. Undervannslivet er digg! Synd eg ikkje fekk tatt bilde, men var inn på facebook sida til Scuba Junction og fann litt bilde der. Scuba Junction er i allefall et flott dykkerselskap om nokken har tenkt seg til Koh Tao og dykke!

 Leksa måtte gjerast!


 Bilda er lånt fra Scuba Junction si facebook side :

Veldig glad og fornøgd med bestått dykkerlappen!
 

Elles på dagane vi tok dykkerlappen vart det en del jobbing med oppgåva for å få den ferdig, også en tur ut å ete og kike litt på kvelden!


 På vei til Montalay Beach Resort bak i jeepen!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar