Søndag var vekas store sightseeing dag og vi kjende alle sammen at vi egentli mest kunne tenke oss å sove lenge og slappe av etter alle inntrykka vi har fått siste veka! Sjølv om vi var trøtt prøvde vi å gjere det beste av det! Dagen starta forresten klokka 6.30 fordi eg måtte pakke og dusje før frokost klokka 8, i tillegg så våkna eg der senga mi var dekt av presanga og nye ting til meg sjøl fordi eg var så trøtt dagen før at eg ikkje rakk og ta det vekk før eg plutselig sovna!
Vi vart møtt av regn, og det regna heile dagen! Heldigvis lå regnjakka mi i sekken så det var ikkje nokke stort problem! Første stopp vart Ho chi Minh museum som er detdikert til ein av lederane i Vietnam. Vi fekk sjå to av husa han budde i, nokke bila han har hatt og diverse anna. Ein ut av bilane finst det bare 3000 stk av - men eg huska ikkje ka dei heite.
Neste stopp var et tempel/skule. Når vi kom vart vi møtt av en flokk med gutta i dress og jenter i vietnamesiske drakte. Ka dei skulle veit eg ikkje heilt, men det dreiv i allefall og tok bilde av kvarandre! Her fekk vi sjå over 1000 år gammle steintavle der det var inprinta namnet på alle som har blitt uteksaminert der. Dinna plassen er forresten også på Unesco world herritage lista.
Til lunsj vart det buffet og det er den største buffen eg har sett nokken gong, og der var omtrent alt av mat - bortsettfra taco då! Der var steiktris, nuddelsuppe, sushi, pizza, spagetti, reker, og MASSE anna! På dessert borde fekk eg meg Cremebrule - som eg trur eg blitt min favoritt dessert! Eg smakte også på en pasjonsfruktsfromasj som va knall god! Etter lunsjen var vi på water puppet show, ditta showet var egentlig laga for unga men no til dags er det kun turista som går dit. Det er ganske så lite mellomrom mellom setene, nokke som vart problem for Vegard som er ganske så høg. På showet fekk vi sjå ting som var spessielle for Vietnam som folkemusikk, dansa, risplukking og drage. Tenkte eg skulle lage en film snutt av det, men den kjem seinare.
Dagens siste besøk var et museum der alle dei etniske gruppene av Vietnam var representert. Så der var drakte, hus, og utstyr dei brukte i kvardagen sin. Eg tok ikkje så mange bilde her, men Carina tok nokre kule bilder.
Vi avslutta dagen med å sette oss på nattoget, for no skulle fjell landsbyen Sapa besøkast. Vi hadde lugara på 4 persona på kvar, lugarane var ikkje så store - men heilt greit for ei natt. Toget varte fra hal 9 til hal 5 altså åtte time. Vi var ganske så trøtte allemenn så trur alle fekk sove bedre enn forventa. Toget gjekk bare til Locai så vi tok buss en god time til Sapa og hotellet, så då fekk vi sove litt til!






Kjekt å følge med deg
SvarSlett