Vi har no vert i Hanoi i to døgn og sitt for øyeblikket på
bussen( trur det blir buss, innlegg er forhåndsskrvet)til Halong bay! Ååå, kor
eg gleda meg! Det føles ut som eg har vert her i ei veke allereie fordi her
heile tida er så mange nye intrykk og masse som skjer!
I dag starta dagen med ei lita ufrivillig sightseeing runde
som ikkje vart så verst likevel. Eg, Lene, Malin, Henriette, Luna og Maria satt
oss inn i første taxien som var bestilt til oss og skulle ta oss til skulen.
Når vi var framme fann vi ut at vi kunne ta litt bilde mens vi venta på dei
andre – det var også fleire som tok snik bilde av oss og nokken syns det var
kjekt og snakke med oss for å finne ut kor vi var i frå. Der kom også ei som
skulle ha oss til å lese nokke på engelsk oppgåva vår, men vi skjønte ikkje
heil ka ho skulle fram til. Stephen ( læraren som e med oss frå Norge ) ringe
for å gi beskjed at dei var straks fremme, men dinna straksen kom ikkje så det
begynte å gå et lys opp for oss alle. Vi var havna på et universitet med ganske
så likt namn, med bare et ord forskjell på Vietnamesisk – vi var havna på
Vietnam trade university i steden for Foreign trade university som var masse
lenger unna. Linh (uttales Ling) ringte og bestilte taxi til oss, men fordi at
ho trengte adresse vi var på måtte vi finne en vietnamesar ho kunne snakke med.
Til slutt kom vi oss til skulen vi skulle på, og gjekk visst glipp av
opningsseremonien som visst ikkje var det store.
På skulen skulle vi få lære om det Vietnamesisk – og det var
ikkje enkelt altso! Vi fekk lære nokre uttalese før vi fekk lære om litt
grammatikk. Dei har ord som e veldig like med bare små forskjellar i skrivemåte
og uttalelse men likevell veldig ulikt i
meining. Måtte filme litt for å få lydopptak på det vi sa! Vi hadde også tea time
med te, kaffi, loff med leverpostei, frukt og små kake. Kaffien va søt som bare
det! Romme vi satt i såg ut som en konferanserom og vi hadde kvar vår høgtalar
med mikrofon som vi kunne snakke i, det testa Martin ut!
Vel tilbake på hotellet var det tid for lunsj og vi gjekk
til en vietnamesisk restaurant. Her vart det stekt ris på meg som var ganske så
god! Betalte heile 62 000 (18,50) for mat og en boks med fanta! Fekk igjen
prøvd oss på spisepinnane og eg begynne å få litt kontroll, men det gjekk litt vel
treigt og ete ris med spisepinna! Var også ganske så imponerande og sjå korleis
Linh brukte spisepinnane!
Vi hadde avtalt ei ny sightseeing runde med Linh hal fire så
eg og Carina tok oss en tur på postkontoret for og gjere bagasjen vår litt
lettare, etter å ha betalt 2 110 000 ( 630 ca) og fylt ut mange
skjema og latt dei som jobba der gå gjennom alt var pakken klar til å sendast
og kjem forhåpentlegvis snart til Noreg! Etter på var det å praie en Taxi for å
komme oss til museet dei andre ( 10 av dei) var på, og dinna gongen måtte vi
ringe Linh sånn at ho kunne forklare kor han skulle kjøre oss. Fordi at så få
kan snakke engelsk går vi heile tida rundt med adressa til hotellet og om vi
skal nokken plass må vi få nokken til å skrive ned adressa om vi ikkje har den!
Taxi er også veldig billig, betalte 12 kr for en tur som faktisk varte i nokken
minutt. Museumt vi var på handla om den vietnamesiske krigen og
på toppen av tårne som var det var der er det største flagget i byen.
Etter på skulle vi til det vietnamesiske slottet som bare
var nokken minutt unna. På vei til stoppa vi og kjøpte sitron te med ei dame og
fekk oppleve og sitte på små krakka med gata slik som omtrent kvar en
vietnamesar gjer, gatene er fulle av dissa krakkane og borda. Etter vi spore
den gamle mannen som satt vedsiden av oss om vi kunne få ta bilde spore han om
han kunne få sitte med oss. Han var 78 år men det såg verkeleg ikkje sånn ut.
Der kom også ei dame bort som ville vaske føtta våre som endte opp med å sitte
ned med oss. Nok en surrealistisk opplevelse, sjølv om vi ikkje kunne prate med
dei var vi så heldige å ha tolk. Kjempe glad for at dissa studentane er med oss
kvar dag, hadde ikkje fått opplevd Vietnam på same måte utan dei! Vi var i
slottet som forresten er over 1000 år gammalt
heilt til vi vart kasta ut. Var eigentleg stengt når vi kom men dei var så
snille og slapp oss inn fordi om.
Vel tilbake til hotellet droppa eg og Carina den valfrie
fellesmiddagen for å heller nyte massasje. Det vart då 75 min med NQ massasje
og 30 min med ansiktsrens og massasjen for bare 150 kr! Skikkelig hærlig!
Hotelle ringt og ordna alt for oss og spaet betalte taxien til oss ( 10kr). Når
vi kom inn fekk vi te og et kort fotbad, etter masasjen fekk vi ferskpressa
juice av pasjonsfrukt – kjempe godt!
Eg lika meg fortsatt kjempe godt i ditta landet og bare
drive å gleda meg til alt det andre vi har på planen! Vietnamesarane er
skikkelig hyggelige folk!
Innlegget er blitt publisert i histen og pisten fordi bussen til Halon Bay går straks. Så må på forhånd beklage om nokke er forklart veldig dårlig men rekke ikkje lese over. Har mange fleire bilde eg vil ha med men picasa vil ikkje samarbeide med meg, så dei for komme seinar! Snakkes, eg stikke til Halong bay!!









Massasje til den prisen kunne eg og ha tenkt meg! Trenge virkelig ryggmassasje no etter lange daga på skulen. Har begynt å kjenne på det allerede :(
SvarSlett