tirsdag 6. november 2012

Goodbye Vietnam!



Onsdag var vi trøtte alle mann! Klokka fire måtte vi stå opp for klokka hal fem skule vi av toget! Etter å ha fått frokost på hotellet var det på tide å besøke eit tempel! I tempelet avslutta vi besøket med te og banan i lag med lederen i tempelet! Eg hadde heile tida trudd at lederane i tempelet var en mann – men der tok eg faktisk feil! Etter tempelet var det klar for en tur på silkemarkedet og her fekk eg handla! Etter å handla presang til den eine etter den andre fekk eg også kjøpt noke til meg sjølv – ny kjole og et par skjerf!
 Tilbake på hotellet fekk vi endelig rommet vårt og det tok ikkje lang tid før både eg og Carina var i drømmeland! Når eg våkna vart det rett i badekaret, og eg og han Harry Hole (hovudpersonen i boka mi altså) koste oss der i en heil time! På kvelden inviterte vi ned Lene og Marte på pizzaparty som vi fekk levert på døra frå resturangen på hotellet! Vi var egentlig invitert på Haloween party, men kjente at kroppen var meir klar for film og tidlig kveld på hotellet enn party!


Torsdag var vi klare for avslutningslunsj med universitetet og vi var 20 studenta, 4 ledera og 6-7 venna frå universistete! Nokre av oss var heldige og fekk bestille sjølv, andre måtte bare ta til takke med det vietnamesarane bestilte til oss. Eg og Marte fekk maten vår og var ferdige og ete opp før dei fleste andre fekk sin mat, og drikka mi fekk eg når dei andre var ferdig å ete. Ikkje bare bare og vere så mange som vil bestemme litt på en gong! Vi avslutta dagen med å synge nokre norske sanga for dei, og vi fekk kvarsitt tradisjonelt vietnamesisk bilde.
 Eg var igjen på postkontoret, og en ny pakke er på veg heim til Norge! Dinna gongen var det skikkelig stress på postkontoret, ettersom vi var 10 nordmenn som kom innom og ville sende ting heim. Grunnen til at alt var så stress er at dei som jobba der pakka alle tinga og passa på at vi har skreve alt på lista. Men det gjekk no fint ditta og.
Når kvelden kom hadde Stephen foreslått avslutningsmiddag, og det kunne vi jo ikkje seie nei til. Vi var heile klassa + to av våre nye venna. Når middagen var inntatt gjekk vi over gata på en bar og hadde quiz om pensum. Eg, Carina, Marte, Mari og Anne Berit slo alle andre og fekk gullpenga som premie etter å ha svart rett på ganske masse og vunne 1 av 3 rappe konkuransa! Etter på var dei live musikk og etter ei stond var fleire i klasse med! Marius på tromme, Kristina og Stephen på rytmeinstrument, nokre dansa og alle sang med! Flott avslutning !
 Fredags morgon var vi alle klare for å fly tilbake til Australia! Men før eg for i frå Vietnam fekk eg meg en tur på motorbike! Trang tok meg med på ei runde, så no har eg fått prøve det og! Resten av dagen gjekk med på å sitte på fly ( nesten i 12 tima) og venting her og der! Når vi kom fram til Australia var det litt meir som på TV en sist, masse folk overalt, pasasjera og sikkerhetsfolk – der var også hunda som skulle snuse etter diverse. Heldigvis kom vi oss gjennom alle mann!

 Absolutt ikkje uvant syn i Vietnam!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar