Når vi var framme i Osaka og klarte og finne fram til
venterommet til busselskapet vi skulle reise med for å sette frå oss bagasjen
før vi tok toget til Himeji. Framme i Himeji heiv vi oss på en buss til
slottet, men hadde vi visst at det bare var 700 m og ikkje 2 km som det sto på
google maps hadde vi nok gått i staden for.. menmen! Når vi kom fram til
slottet fann vi fort ut at hovudbygninga var under vedlikeholdsarbeid og dei
hadde bygd en stor mur hall over den, ditta var litt skuffande men der var no
masse anna kjekt og sjå på.
Tilbake i Osaka gjekk vi på Hard Rock Cafe der det vart
nachos og en eller anna drink! Maten var like god som den alltid er på Hard
Rock, så det var 4 fornøgde nordmenn som gjekk der i frå!
Når vi kom tilbake til der venterommet måtte vi ha oss en
tur innom julemarkedet, og der var så masse fint! Dessverre holdt dei på og
stenge når vi var der, men eg fekk no kjøpt meg en pynt til juletredet mitt før
dei rakk og stenge heilt!
Bussen til Tokyo var en heilt vanlig buss, akkurat som
skulebussen. Derfor vart det ei ganske så lang natt med sju tima på buss og
lite søvn!


















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar